in ,

Passutskriving på Jæren ut juni 2019

Pressemelding fra Politiet

Justisdepartementet har som kjent vedtatt at talet på passlokasjonar i Norge skal reduserast frå 141 til 78. Dette kjem som eit resultat av framtidas internasjonalt strengare krav til sikker identifikasjon. I Sør-Vest politidistrikt skal sju lokasjonar skriva ut pass. Jæren lensmannskontor er eitt av kontora som avviklar denne tenesta frå og med 1. juli.

ANNONSE


  • Det betyr altså at vi skriv ut pass ved Jæren lensmannskontor ut juni månad, kommenterer geografisk driftseiningsleiar for Jæren, Sandnes og Dalane, Oddvar Tengesdal.

Sjekk passet ditt nå

Tengesdal oppfordrar jærbuen til å planlegge i god tid viss dei har behov for å fornye passet sitt.

  • Vi veit av erfaring at det er ei gjentakande utfordring at mange ventar til tett opp mot ferien. Då kan ein risikere at ein ikkje får pass i tide. Sjekk passet ditt allereie nå og bestill time for nytt pass viss du har behov for det. Det er både raskt, forutsigbart og bidrar til at du unngår unødig stress like før du skal ut å reise, understrekar driftseiningsleiaren.

Fritt val

Frå og med juli må altså innbyggarane i Klepp, Time og Hå nytte seg av andre lokasjonar ved behov for nytt pass. I tillegg er det viktig å hugse på at ein kan nytte kva som helst passkontor i heile landet.

  • Det er opp til kvar enkelt kva passkontor ein ønsker å nytte. Ved å gå inn på timebestilling på www.politiet.no kan ein sjølv velge time som passar, forklarer Tengesdal.

Bakgrunn

Det er høge internasjonale krav og forventningar til korleis norske pass skal skrivast ut. Desse blir ikkje imøtekomme i dag. Det er for enkelt å skaffe seg eit ekte norsk pass på falskt grunnlag. Norske pass har høg internasjonal status og gir visumfridom til mange land. Det kan brukast som verkemiddel til alt frå svindel og trygdemisbruk til organisert kriminalitet og terrorisme, og er ettertrakta i kriminelle miljø.

For å oppretthalde tilstrekkeleg kvalitet i utskrivinga er det naudsynt å begrense talet på små passkontor. Når nye pass blir lansert skal dei skrivast ut i fysisk sikra lokal, og av medarbeidarar med ID-faglig kompetanse.

Dette er dei framtidige pass- og ID-lokasjonane i Sør-Vest politidistrikt:

  • Haugesund
  • Stord
  • Vindafjord
  • Randaberg
  • Stavanger lufthavn Sola
  • Egersund
  • Sandnes

ANNONSE


Avatar

Written by

Tirsdag: 3 laserkontroller

ambulanse

Mann fastklemt i bil – alvorlig skadet