in

KORONA: Ber næringslivet på Vestlandet bidra med smittevernutstyr

smittevernutstyr

Som ein del av beredskapen knytt til koronautbrot treng sjukehusa meir smittevernutstyr. Helse Vest koordinerer innsatsen på Vestlandet og oppmodar næringslivet til å bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.

Eit koronautbrot krev langt meir smittevernutstyr i sjukehusa enn i ein normalsituasjon. På same tid har det vore vanskeleg å få tak i utstyr som normalt blir produsert i Kina og utstyr blir også, av ulike grunnar, levert seint. I eit brev til NHO og industrien på Vestlandet inviterer Helse Vest no til samarbeid.

– Vi treng smittevernutstyr til medarbeidarane i sjukehusa for å halde alle friske, slik at dei kan bidra i behandlinga av pasientane som treng det. Vi førebur no omfattande beredskapstiltak. Medarbeidarar, leiarar, tillitsvalde og vernetenesta imponerer i denne innsatsen! No ber vi også alle bransjar og verksemder bidra i det felles samfunnsansvaret vi har. Vi treng all hjelp og innsats vi kan få frå næringslivet, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.

Mellom utstyret som trengs er andedrettsvern, vernebriller, hanskar, munnbind, visir og beskyttande dressar og – frakkar.

Innsatsen for å skaffe utstyr framover er allereie godt i gang. Dei regionale helseføretaka samarbeider om utstyr. Det er også god dialog med Helsedirektoratet og myndighetene i dette arbeidet. Regionane samarbeider om lagre og det er sett ned ei gruppe for dette nasjonalt. Slik sikrar ein ha oversikt over lager, koordinering slik at det utstyret som er tilgjengeleg brukast på best mogleg måte og at alle sjukehusa i Noreg har lik tilgang på utstyr.

Kilde: Helse Vest RHF

Avatar

Written by

korona

Politiet stenger publikumstjenester for å forebygge koronasmitte

videosamtaler

Fikk 100-dobling i videosamtaler etter koronakrisen