in , ,

Inger Cathrine Bryne blir ny direktør for Helse Vest RHF

Inger Cathrine Bryne
Inger Cathrine Bryne, Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

Styret i Helse Vest har tilsett Inger Cathrine Bryne som ny administrerande direktør i eit ekstraordinært styremøte 20. februar.

– Eg er glad for å få denne moglegheita, og eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle gode og likeverdige spesialisthelsetenester for befolkninga på Vestlandet, seier Inger Cathrine Bryne.

ANNONSE


– Eg ser fram til å leie utviklinga av føretaksgruppa i Helse Vest saman med ein svært kompetent organisasjon i det regionale helseføretaket. Samstundes gler eg meg til å bli endå betre kjend med dyktige medarbeidarar i alle føretaka, og til samarbeid om fag og forsking, HMS, kvalitet og pasienttryggleik, både mellom føretak og fagmiljø og, ikkje minst, med kommunehelsetenesta.

Styreleiar i Helse Vest RHF, Einar Strømsvåg, er nøgd og seier at styret er særs glad for at Inger Cathrine Bryne har takka ja til stillinga som administrerande direktør.

– Ho har erfaringa, kompetansen og engasjementet som skal til; ikkje berre for å drive god og sikker styring av føretaksgruppa, men også for å leie utviklinga og fornyinga som må til framover, seier han.

Inger Cathrine Bryne er i dag administrerande direktør i Helse Stavanger HF. Ho er utdanna sjukepleiar frå Stavanger Røde Kors Sykepleierhøgskole, og har ein Executive Master of Business Administration (MBA) frå Norges Handelshøyskole (NHH). I perioden 2004 til 2011 hadde ho fleire leiarstillingar ved Sørlandet sykehus, mellom anna som klinikksjef ved kirurgisk klinikk. I 2011 gjekk turen heim til Stavanger og stillinga som divisjonsdirektør ved Kirurgisk divisjon. Bryne var fungerande administrerande direktør frå hausten 2014, og har vore tilsett som administrerande direktør i Helse Stavanger HF frå 2015.

Inger Cathrine Bryne byrjar i stillinga i Helse Vest RHF 23. mars i år.

Noverande direktør, Herlof Nilssen, har ønskja å gå av som administrerande direktør og går då over i ei anna rolle i organisasjonen.

ANNONSE


Avatar

Written by

Daleveien

Daleveien: bil kjørte av veien og havnet på taket

tyveri

Nattens: Innbrudd i Sandnes