in ,

Ein myte at det er farleg å snakke om sjølvmord

sjølvmord

Pressemelding frå Helse Vest RHF, 18. mars 2019

Tre av ti trur at å snakke om sjølvmord med nokon som har depresjonar eller psykiske lidingar vil trigge ein reaksjon. Kan vi endre den oppfatninga, kan vi kanskje redde liv. Derfor startar føretaka i Helse Vest ein folkeopplysningskampanje denne veka: Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

ANNONSE


– Det er viktig å snakke om sjølvmord, og dersom ein trur nokon har tankar om å ta sitt eige liv er det viktig å spørje, fortel Jan Olav Johannessen, forskingssjef ved Klinikk psykisk helsevern og professor ved Stavanger universitetssjukehus, og ein av initiativtakarane bak kampanjen som no tek til.

Ei undersøking frå 2017, gjennomført på vegner av Stavanger universitetssjukehus, viser at berre 21 prosent ville spurt nokon som var i ein vanskeleg situasjon eller sleit med ei psykisk liding, om dei hadde tankar om sjølvmord.

– Det er ein myte at det er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Å snakke om sjølvmord med nokon som slit kan faktisk redde liv og det kan ha beskyttande effekt, seier Johannessen.

Viktig at vi snakkar om det

Sjølvmord er eit vanskelig tema, men det er viktig å drive med førebyggjande arbeid. På spørsmål om man kjenner nokon som har tatt sitt eige liv svarar seks av ti ja. Fem av ti kjenner nokon som har prøvd.

– Mange kjenner nokon som har prøvd eller tatt sjølvmord, og då er det ikkje merkeleg at ein er redd for å snakke om det, i frykt for å gjere situasjonen verre for dei som slit. Derfor er det viktig for oss å få fram at det som kan hjelpe, faktisk er å snakke om det. Å vere eit menneskje som bryr seg er den viktigaste eigenskapen du treng. Det er litt sånn at å snakke om sjølvmordstankar kan vere som å skru på lyset i eit mørkt rom. Det som har skjult seg der i mørkret, blir ofte ufarleg eller borte, fortel Johannessen.

Nok å spørje

Undersøkinga viser også at 72 prosent trur dei kanskje kunne ha vore til hjelp for ein ven eller kjend som verkar deprimert. Dessverre er det heile 38 prosent som ikkje veit om stadar der personar som har depresjonar, kan få hjelp.

Ofte er det nok å berre spørje, og vere der for dei som slit. I tillegg finst det krisetelefonar, fastlege, og andre profesjonelle som kan hjelpe.

Helse Vest har i samband med kampanjen oppretta ei eiga nettside, der ein kan få råd og hjelp, på www.helse-vest.no/selvmord.

ANNONSE


mann truet nabo med øks

Nattens: mann truet nabo med øks

nattens

Nattens: fyllekjører stanset på Sandnes